Spørjeundersøking knytt til utarbeiding av ny klima- og miljøplan i Skjåk kommune

Skjåk kommune skal lage ein ny klima- og miljøplan som skal legge føringane for framtidig arbeid innanfor klima- og miljø i Skjåk kommune. Vi ynskjer innspel i ei tidleg fase og legg difor ut ei spørjeundersøking.  

Svar innan 20. april. 


(Programvara er på bokmål, og let seg nokre stadar ikkje endre til nynorsk)

Sikret
Spørjeundersøking knytt til utarbeiding av ny klima- og miljøplan i Skjåk kommune
1

Kva legg du i begrepet klima- og miljøplan?

2

Kva meiner du klimaomstilling handlar om for Skjåk kommune?

3

Kva gjer du for at kvardagen din skal bli meir miljøvenleg?

4

Kva er du viljug til å endre på for at kvardagen din skal bli meir miljøvenleg?

5

Er du bekymra for framtida i forhold til global oppvarming?

6

Kjenner du til FN sine berekraftsmål?

7

I klima- og miljøplan ynskjer vi å ta utgangspunkt i maks fem berekraftsmål. Vel eitt eller fleire av berekraftsmåla du ser på som mest relevante for Skjåk kommune.

Ynskjer du å lese meir om kva kvart mål inneber, kan du gjere det her: https://www.fn.no/om-fn/fns-baerekraftsmaal
8

Kva kan Skjåk kommune gjere for at folk som bur i bygda handlar meir berekraftig og miljøvenleg?

Korleis kan vi endre våre vanar.....
9

Kva konkrete tiltak tenkjer du er realistisk for Skjåk kommune å få til innanfor overordna tema (sjå under)?

Vi ynskjer at tiltaka i klima-og miljøplan skal vera realistiske og målbare.

I planprogrammet har det vore gjort eit utval av fem hovudtema som skal legge føringane for klima- og miljøplan til Skjåk kommune. 


Dei overordna tema er: 

- Energiforsyning og energibruk i kommunale bygg

- Kommunale innkjøp, forbruk og avfall

- Haldningsskapande arbeid og innbyggjarinvolvering

- Stadsutvikling, arealbruk og transport 

- Klimasmart næringsliv, jordbruk og skogbruk

Takk for at du tok deg tid til å svare på spørjeundersøkinga.